Kanaldagane 2020 vart dessverre avlyst. Men snart rundar med dette året og kan sjå fram til 2021 der me ser stort fram til nye Kanaldagar. Dagane blir 3.-5. september så det er berre å setta av tida. Me gler oss masse.

Sjølv om 2020 vart avlyst var det mange som likevel støtta oss. Mange av sponsorane vises på vedlagt skilt som no heng på festivalområdet (i tillegg må også Eidesvik Invest nemnast som kom inn etter at skiltet vart laga).

Me ynskjer alle ei god jul og eit spanande nytt år, og så snakkast me alle i starten av september.