Kanaldagane 2020 er dessverre avlyst. Me hadde i det lengste håpa at utviklinga av Covid-19 skulle gå rett veg og gjort eit arrangement mogleg. Dessverre har utviklinga den siste tida gått feil veg, og med reglar som max 200 stk og 1 meter avstand er det ikkje mogleg å arrangera Kanaldagane. Dermed er ein 18 års gamal tradisjon broten, og ein vil i år gå glipp av dei tre festdagane på tidleg haust som så mange av oss ser fram til kvart år.
Me er allereie starta å sjå framover mot neste år der dagane vil gå føre seg 3.-5. september 2021. Det skulle vore 20-års jubilium, men det jubileet er no utsatt til 2022.
Takk til alle som har vist interesse for dagane i år. Velkommen til forhåpentlegvis fantastiske dagar i 2021.