top of page

Endring i programmet

Grunna sjokdom utgår dessverre Kystsonglaget frå årets program. Men frykt ikkje, me har sikra oss ein erstatning som vil garantere at både lattermusklane og dansefoten får trimma seg på fredagskvelden.


Kurt M. Johansen kjem som planlagt. I tillegg kjem Bent Stølås som mange Kanaldagarar kjenner frå før. Saman utgjer dei duoen Synth å Le.


Me kan love gøy med desse gutane. Dei har lang erfaring frå humorfestivalar, ombord på cruisebåtar, på oljeplattformer i Nordsjøen, på eigne show og saman med andre kjente artistar.


Lattershow, underhaldning og dansemusikk. Med Synth å Le får du alt.






977 visninger

Comments


bottom of page