top of page

Magiske Melkevik

Kurt Inge Larsen er glad i heimbygda si.


I 2016 laga han suksess-filmen «Melkevik gard på Bømlo - frå kommunesenter til turistmagnet».


Seks år seinare kom boka «Magiske Melkevik».

Her tar han lesaren med tilbake i tid, til Melkeviksbakkane på 1700-talet, til oldeforeldra Martha og Sjur Larsen, som kjøpte staden i 1882 og byrja etableringa av firma S.Larsen, ei bedrift som framleis er i drift; no i femte generasjon.


I dette foredraget som er basert på boka fortel Kurt Inge Larsen om bygginga av den berømte Kulleseidkanalen, om korleis lokalsamfunnet har utvikla seg i dei 140 åra som er gått sidan Martha og Sjur slo seg ned på Melkevik. Han fortel om perioden Melkevik var politisk sentrum i kommunen, om legeordninga som kom, om tøffe krigsår, og etableringa av Kulleseidkanalen Gjestehamn med utviklinga den har hatt.


Dette er Bømlohistorie – med basis i Finnåsområdet!


Kurt Inge Larsen kjem til Kanaldagane 2023

85 visninger

Comentários


Os comentários foram desativados.
bottom of page