Nytilsett direktør i Norges Rederiforbund, Knut Arild Hareide, opnar Kanaldagane 2024
Hareide er fødd og oppvaksen på Rubbestadneset. Han er utdanna siviløkonom frå NHH og har grunnfag i sosiologi frå Universitetet i Bergen. Etter studiane fekk han ei praktikantstilling hjå Schibsted. Mellom periodane med politiske fulltidsverv har han arbeida som forretningsutviklar, prosjektleiar og organisasjonsdirektør i Schibsted.
Etter ein lang politisk karriere byrja Hareide som Sjøfartsdirektør i januar 2022 og tiltrådde som direktør i Norges Rederiforbund i august 2024.
Hareide står for den offisielle opninga av dei 20. Kanaldagane laurdag 31. august kl 11:45.
Comments