top of page

Våge Skulemusikklag

Tradisjon tru spelar Våge Skulemusikklag opp under Kanaldagane også i år.

Korpset har sitt utspring frå Våge skulekrins og er eit aktivt korps som deltar i konkurransar, og gjennomfører speleoppdrag og konsertar heile året. Våge Skulemusikklag blei stifta i 1972 og har sidan den gong vore ein viktig del av det lokale musikkmiljøet.


Å spela i korps er ein positiv aktivitet for born og unge. Det er ein arena der både musikalske og menneskelege eigenskapar blir utvikla. Det handlar om samspel på fleire områder, der alle er like viktige for eit godt sluttresultat. Skulemusikklaget har ingen reservebenk, her er alle på banen saman og samtidig, uavhengig av alder, kjønn og sosiale parameter.


Våge Skulemusikklag rekrutterar hovedsakeleg medlemmar frå Våge skulekrins. Gjennom

samarbeid med skulane i området gjev korpset barn og unge moglegheit til å læra å spela eit

instrument og bli ein del av eit fellesskap som deler deira lidenskap for musikk. Korpset ynskjer alltid velkommen nye talent og legg stor vekt på inkludering og mangfald.


Våge Skulemusikklag høyrer du under Kanaldagane 2024.

49 visninger

Kommentare


Die Kommentarfunktion wurde abgeschaltet.
bottom of page